Først blir ein berre mållaus. Så leitar ein etter orda.

Det gjeld politikar Lina Vibes (H) utgytingar frå talarstolen i Hadsel kommunestyre torsdag 21. april. Det gjeld varaordførar Kurt Jenssens (Sp) utrulege mangel på politisk fingerspitzgefühl.

Det handla om Brattåsen. Reguleringsplanen som opnar for firedobling av masseuttaket i 30 år fram i tid skulle stemplast av politikarane i Hadsel. Det skulle debatterast for galleriet. Eg var vitne til den tidvis pinlege, tidvis sjokkerande (i den grad det fortsatt er muleg å bli sjokkert i denne saka) framsyninga på kommunalt nett-tv.

Les også: Stoppet møtet på grunn av ordbruk

Lina Vibe: «Dersom ein berre bråkar nok i avisene, blir ein høyrt – på bekostning av dei som driv næringsverksemd i Hadsel».

Kva er dette for slags tøv? Står ikkje den same Vibe der og seier at næringsverksemda, i dette tilfellet Hadsel Maskin, skal få gjere akkurat som dei ønskjer? Sit ikkje Vibe der og stemmer for at nettopp denne næringsaktøren får sprenge og knuse stein til ungane våre blir pensjonistar?

Les også: – Vi ble ikke hørt

Lina Vibe er irritert over at folk som får eit knusemonster i hagen, på høgst legitimt og demokratisk vis nyttar ytringsfridomen sin. Om ho og andre folkevalde skulle ta omsyn til desse menneska, ville det skapt «presedens»:

Folk kan komme til å forlange eit helsemessig forsvarleg nærmiljø, for eksempel. Næringslivet, ifølgje Vibe, ville nærast bli tappa for all kraft og mot til å halde fram eller etablere seg i kommunen – dersom dei folkevalde tok omsyn til desse menneska som bråkar i avisene.

Les også: Stemte gjennom Bergvik

I staden klarte Vibe å framstille næringsaktøren Hadsel Maskin som eit offer i saka, ein «uskyldig part» som ho sa frå talarstolen. Menneska som har budd i Hadselhamn i mange tiår før denne næringsaktøren kom på banen, har etter ei grundig utgreiing frå kommuneoverlegen fått slått fast at dei vil få vesentlig redusert helse som følgje av utvidinga av Brattåsen masseuttak.

Vibes logiske univers kunne ha slått godt an i bakvendtland.

Så kjem varaordførar Kurt Jenssen (Sp) på banen: Han ville forsikre seg om at dei forsiktige korrigeringane politikarane ville ha inn i reguleringsplanen (på bakgrunn av helsekonsekvensutgreiinga) var ok. Kva gjorde han? Han ringte «offeret». Hadsel Maskin. Ringte han også folka som bråkar i avisene, som tiltaka var meint å hjelpe?

Nei, det gjorde ikkje Kurt Jenssen.

Ein kan berre spekulere på grunnen til det. Ein kan spekulere på korleis ein varaordførar kan få seg til å handle på denne måten. Tillitvekkande er det ikkje. Dersom Jenssen var statsråd kunne denne, i beste fall klossete, manøveren kosta han jobben.

Les også: – Brattåsen er viktig for hadselsamfunnet

Kjære alle saman. Eg er ein fyr sørfrå som faktisk har vurdert å flytte til denne fortryllande staden, til denne kommunen, som nokon til og med har kåra til landets mest idylliske. Eg har ikkje noko imot næringsliv, eg kan til og med skryte av å ha jobba i næringslivet.

Kjære Lina Vibe. Eg fann ordet eg leita etter, ordet for haldninga du representerer.

Forakt.

Forakt for menneska du har blitt gitt demokratisk mandat til å representere.

Njord V. Svendsen

Lina Vibe har fått mulighet til å svare på innlegget, men har foreløpig valgt å ikke gjøre dette. Vi kommer tilbake med et eventuelt tilsvar så snart det foreligger.