I innlegget titulert «Brattåsen-storm i et vannglass» prøver Arne Hansen å latterleggjere naboane til Brattåsen masseuttak ved å referere til ein inntil vidare fiktiv byråkrat: Han siterer  ein anonym medarbeidar i Fylkesmannens miljøvernavdeling «i et fylke noe lengre sør». Denne personen skal ha sagt at det berre er «etablering av atomkraftverk og søppeldeponi som skaper like sterke følelser som massetak».

Javel. Artig.

Lat oss heller halde oss til saka.

1)     Hansen skriv: Naboene mener at tross innenfor krav, så vil driften påføre dem ulike skader. Her har Hansen misforstått. Det er ikkje naboane som "meiner", det er kommuneoverlegens utgreiing som slår fast at firedoblinga av drifta, som reguleringsplanen legg opp til, har vesentlege helsekonsekvensar.

2)     Hansen skriv: Selvfølgelig vil det finnes unntak med personer som går nattskift, pensjonister, osv, men hvor langt skal man gå for å ta hensyn? Av dei 20 menneska som bur aller nærast masseuttaket er 13 heimeverande, 2 jobbar deltid og 3 jobbar skift. Ja, kor langt vil du gå for å ta hensyn, Hansen? Tilsynelatande ikkje særleg langt.

3)     Hansen skriv: I Brattåsen har driver i stor grad frontet saken selv, ikke av innleide konsulenter. Realiteten er at planverk og det aller meste av grunnlaget for Hadsel Maskins dokumentasjon og argumentasjon er utarbeidd nettopp av innleigde konsulentar (frå Asplan Viak). Hadsel Maskin har også eit advokatfirma i ryggen, Ytterstad & CO. Og det bør leggast til at Hadsel Maskin meir eller mindre konsekvent har avslått å kommentere og svare på kritiske spørsmål frå journalistar. Er dette å «fronte saka» sjølv?

4)     Hansen skriv: Støynivået tilsvarer en samtale mellom to personer.  Ja, det finst ulike typar støy, samtalar mellom menneske og steinknusing er to av dei. Hansen må gjerne prøve likestille desse støykjeldene, og vise til eksempel på samtalar som varer i 30 år (som er driftsperioden til Brattåsen).

Og, Arne Hansen, du skriv at du har «vært engasjert i regulering av et betydelig antall massetak i Norge». Kan du ikkje fortelje litt om kor og kor mange? Og på kva måte du meiner dette tilfører deg ein fagleg autoritet og kunnskap som du så freidig slår fast «er fraværende» hos naboane til Brattåsen masseuttak?