Landsstyret i AP (31 mot 16) vedtok å gi sine stortingsrepresentantar fullmakt til å stemme ja til å slutte Noreg til ACER/ EUs Energibyrå og gi frå seg norsk styring av eigen energisektor. Samtidig ber landsstyret APs stortingsgruppe forsikre seg om at Noreg framleis har nasjonal kontroll over vasskraftressursane. Dei stiller opp ei rekkje krav til ein framtidig «avtale», blant anna:

  • Nasjonal og samfunnsmessig kontroll over vasskraftressursane

  • Minst to tredjedeler av vasskrafta skal vere offentleg eigd

  • Norsk fornybar kraft skal bidra til verdiskaping og sysselsetting i Noreg

  • Norske styresmakter skal ha kontroll over forsyningstryggleiken i Noreg

  • Norske styresmakter skal bestemme om det skal byggjast fleire utanlandskablar

Landsstyreuttalinga er avslutta slik:

  • «Landsstyret setter som et ufravikelig krav, dersom stortingsgruppen går inn for å slutte seg til EUs tredje energimarkedspakke, at en eventuell videre utvikling i EUs regelverk på energiområdet ikke kommer i strid med de overnevnte krav. Dersom dette skulle inntreffe må det medføre at Norge umiddelbart reserverer seg fra og si nei til dette avtaleverket. Denne forutsetningen må vedtas i stortinget.»

Slike krav er skuebrød for folk. Det går imot fagrørsla og motstand i folket og i eige parti. Landsstyret vert villeia av Ja-til-EU-viljen i partileiinga. Forsikring kan landsstyret ikkje få ved å be stortingsgruppa eller Stortinget om å «å forsikre seg om» noko som helst. Det er kun EU som kan gi slike forsikringar – og forsikringar må takast inn som Felleserklæring som del av EØS-avtalen. Alt anna er ikkje anna enn tilsløring og fungerer som lureri.

Hvis AP i framtid skulle kome til å ønskje å slutte Noreg til ACER, er det bare eitt muleg råd å gi, at AP forlangar at regjeringa først opnar forhandlingar med EU med sikte på å få til ei ny Felleserklæring i EØS-avtalen der krava frå AP kjem inn.