– Bilistane vil fortsatt få eit godt tenestetilbod i heile landet

Meninger

I 2018 kom det ein rapport frå konsulentselskapet Capgemini Consulting frå områdegjennomgangen av Statens vegvesen som føreslår ein reduksjon frå 82 til 62 tenestestader på trafikant- og køyretøyområdet i Statens vegvesen. Denne rapporten har vekt sterke reaksjonar og spekulasjonar om nedlegging av tenestene mange stader.


Tilbudene ved trafikkstasjonen på Sortland blir omtrent som før, med få unntak:

Foreslår å flytte MC-oppkjøring til Harstad

I forbindelse med at Statens vegvesen skal endre strukturen ved landets trafikkstasjoner, blir det også gjennomført endringer ved trafikkstasjonen på Sortland. Men tilbudene blir i hovedsak de samme som tidligere.

 

La meg først berre gjere ein ting klart: Denne regjeringa vil fortsatt sørge for at vi har tenestestader spreidd over heile landet. Og folk vil fortsatt få tilgang til dei tenesta dei treng.


Fleire tenester vi tidligare har hatt behov  for å reise til trafikkstasjonen for å utføre, kan vi no ordne sjølv heimanfrå, med hjelp frå ein pc eller mobiltelefon. Dermed er det ikkje lenger like mange som besøker trafikkstasjonane, vi kan dermed effektivisere tenestene slik at dei er tilpassa vår nye digitale kvardag.

Andre teneste krev fortsatt fysisk oppmøte. Mellom anna gjeld dette for førarprøva. For desse tenestene må vi fortsatt ha eit tilfredsstillande tilbod i heile landet.


Foreslår å omorganisere trafikkstasjonen på Sortland

Regjeringa vurderer å legge ned 26 trafikkstasjoner over hele landet.

 

Vi vil ha eit effektivt og kundeorientert Statens Vegvesen. Statens vegvesen utarbeider no eit forslag til ny tenestemodell og -struktur. Dette arbeidet har frist 10. mai i år. Statens vegvesen skal, som ein del av oppdraget, kome opp med forslag til kompenserande tiltak for å oppretthalde eit godt tenestetilbod i heile landet.

Rapporten som er venta den 10 mai vil danne grunnlaget for regjeringa si vidare vurdering. I vår regjeringsperiode har vi vore og vil fremdeles være opptekne av å flytte statlege arbeidsplassar ut i landet. No skal mellom anna om lag 1500 arbeidsplassar flyttast frå staten til dei nye regionane.


Innlegg fra regionvegsjef Turid Stubø Johnsen

– 1650 ansatte i Vegvesenet mister ikke jobbene sine

 

Det er med andre ord ikkje gjort vedtak om en

dringar i strukturen i statens vegvesen. Når det faglige grunnlaget for endringar liggja føre vil regjeringa gå grundig inn i det. Vårt utgangspunkt er at statlige arbeidsplassar kan fordelast i heile landet, og at tenestene i størst mulig grad skal være nær folk.