For Høgre er det viktig at alle som bur i landet vårt skal komme raskt fram og trygt heim. Gjennom åtte år i regjering har vi bunde Noreg betre saman, redusert avstandane, og gjort det tryggare å ferdast på vegane våre.

Sjølv i tronge tider skal Noreg vere eit land med god infrastruktur, effektive vegstrekningar og trygge reiseruter for folk. Vi prioriterer derfor å halde aktiviteten oppe i viktige vegprosjekt på hovudvegnettet, og kome i gong med nye vegprosjekt der det er mogleg.

I tillegg til å tenkje framover og starte nye prosjekt, er det viktig å ta vare på dei vegane som allereie er laga. Derfor tok Høgre i regjering viktige grep for å adressere nettopp vedlikehaldsetterslepet. På riksveg vart etterslepet redusert for første gong i 2015, og regjeringa Solberg reduserte etterslepet kvart einaste år så lenge vi sat i regjering.

På fylkesveg er vedlikehaldsetterslepet stort. I Nasjonal transportplan 2022-2033 vart det derfor for første gong teke eit krafttak for fylkesveg sidan den raudgrøne regjeringa overførte ei rekkje vegstrekningar til fylkeskommunane i 2010, utan at det følgde med pengar. Vi etablerte ei ny satsing som kjem i tillegg til det fylkeskommunane får gjennom det ordinære inntektssystemet. Tilskotet blir fordelt til fylkeskommunane med utgangspunkt i vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane, og fylkeskommunen prioriterer sjølv med basis i tilskotsordninga.

Trongare tider gjer at vi må prioritere. Høgre utset vedlikehaldet av enkelte riksvegstrekningar ved å redusere løyvinga, som er på 3,5 mrd. kroner, med 200 mill. kroner. I ein situasjon der prisane er så høge som no, vil vi halde litt igjen på vedlikehaldet og heller ta opp igjen arbeidet når kostnadskurva flatar ut. Samferdsel kan brukast som motkonjunkturtiltak om aktiviteten i entreprenørbransjen går ned. På den måten får vi meir vedlikehald igjen for kvar krone vi brukar.

Men la det ikkje være tvil: Der det hastar mest, skal vedlikehaldet framleis prioriterast.

Vi løyver også 100 mill. kroner ekstra til Statens vegvesens som skal nyttast til «Mindre investeringstiltak». Det vil gi Statens vegvesen høve til å starte opp nokre nye tiltak og betre nokre strekningar, i tillegg til vidareføringa av igangsett arbeid i tråd med regjeringsforslaget. Dette er tiltak som også vil omfatte vedlikehald.

Når det er kamp om ressursane, må vi bruke pengane på ein klok måte. Det gjer vi gjennom prioriteringane våre på samferdselssektoren i Høgres alternative budsjett.