I fleire innlegg har Ap sine representantar fortalt kor leit det er at Høgre i sitt alternative budsjett ikkje går inn for gratis ferje til nokre av våre kystsamfunn. Det Høgre har valt å gjera er å redusere dei generelle ferjeprisane like mykje som regjeringspartia gjer i sine budsjett. For oss er det derimot ikkje ei prioritering å plukke ut eit kommunikasjonsmidel for enkelte område og gjera desse gratis, medan andre, som også er avhengige av kollektiv transport, må betale for dette.

Vi registrerer at representantane meiner gratis ferjer til enkelte øysamfunn er den beste og viktigaste distriktspolitikken dei har å skilte med. Dei om det. For Høgre er det langt viktigare å sjå til at verdiane som vert skapt i distrikta kjem distrikta til gode. Det er grunnen til at vi har sett handbrekket på både for skattlegging av kraftressursane våre og skatting av laksenæringa, med den innretninga regjeringa legg opp til. Berre på desse to områda har til no verdiar for fleire milliardar sett på bremsene i Distrikts-Noreg. Her må vi både ha betre prosessar der næringane sjølv vert høyrt, og gode ordningar som kan skape arbeidsplassar, vekst og utvikling.

Det som burde uroe Ap/Sp mykje meir, er den tilbakemeldinga næringslivet responderer på regjeringa sin politikk. Heile 83 prosent av bedriftene våre er svært eller ganske misnøgd med regjeringa sin næringspolitikk, medan berre 3 (!) prosent er nøgde. Det må vere historisk dårleg.

Regjeringa sin skatte og avgiftspolitikk må ta mykje av skulda for dette. Her er det også verdt å merkje seg at det er bedriftene som må bere den tyngste børa, også i form av auka arbeidsgivaravgift som regjeringa no pålegg næringslivet. Det blir lite distriktsarbeidsplassar av slikt.

Det same gjeld den manglande satsinga på infrastruktur frå denne regjeringa – her legg Høgre no 620 mill i bordet for å starte sårt tiltrengte vegprosjekt som næringslivet i heile landet ropar etter. Vi legg også inn store summar for å sikre at nyutdanna lærarar i heile landet skal bli tryggare i rolla si gjennom lærarspesialistordninga. Det er viktig for å behalde kompetansen i distrikta. I tillegg legg vi inn innsats i fritidstilbod og kultur, som er viktig for å få gode og livskraftige lokalsamfunn der folk trives.

Til sist styrker vi MERKUR-programmet med utvida strømstøtte til dei små butikkane i distrikta slik at dei kjem gjennom denne vinteren.

I dette biletet meiner vi Ap/Sp si satsing på gratis ferjer i distrikta blir ei feil prioritering. At satsinga i kroner faktisk er mindre enn det Oslo kommune vil få av den foreslåtte lakseskatten, seier òg sitt. Det distrikta treng, er arbeidsplassar og livskraftige lokalsamfunn. Denne satsinga vert svekka med regjeringa og SV sitt budsjettframlegg.