Nokon meiner at kampen for likestilling mellom kvinner og menn er teke, eller endå verre at det er gått for langt. Å meine det er historielaust og manglar kontakt med verkelegheita. Når 1 av 5 kvinner har blitt utsett for valdtekt i løpet av livet og forskinga på kvinnehelse er langt frå bra nok, seier det seg sjølve at kvinnedagen trengs i høgste grad.

Det er kreftar som ønskjer å skru tida tilbake, og det er kreftar som er likegyldige til dei utfordringane kvinner står overfor. Vi kan ikkje ta for gitt rettigheitene som er sikra, og heller ikkje gi opp kampen om nye.

Ein fersk rapport syner at 1 av 5 kvinner blir utsett for valdtekt i løpet av liv. Kampen mot overgrep mot kvinner må kjempast på fleire frontar. Det byrjar med mellom anna haldningskampanjar, betre seksualitetsundervisning i skulen og bevisstgjering for å få bukt med gråsonetilfella.

For dei valdelege overgrepa er det handhevinga av straffelova som verkeleg må skjerpast. Ressursane til politiet må aukast og politiet må ta sakane meir på alvor.

Ny samtykkelov er også eit viktig steg i rett retning.

Det er difor viktig steg regjeringa tek no med å leggje fram ei rekke konkrete tiltak til opptrappingsplanen frå Justisdepartementet. No er det tid for konkrete tiltak som forebygger vald og overgrep, tiltak som forpliktar og som blir følgt opp med pengar.

Ei anna sak er mangelen på kunnskap om kvinnehelse. Kvinnehelseutvalet leverte nettopp ein rapport som trekker fram fire hovudutfordringar: låg status, dårleg samordning, manglande kunnskap og kvinner sine stemmar får lite gjennomslag.

Tiltaka er mange. Alt frå ei betre barselsomsorg og gratis prevensjon for alle under 25, til meir kunnskap om kvinner si helse. Det viktigaste er at regjering og storting tek tak i problemstillinga. No er det tid for handling.

Solidariteten kjenner ikkje landegrenser. Situasjonen i andre land er døme på at ein aldri kan ta kvinner sine rettar for gitt. Berre sjå til abortsaka i USA, kor abort no er straffbart i fleire delstatar.

Kampen er like viktig i dag som før. Om nokon seier noko anna, er det berre å vise til valdtektsstatistikken, situasjonen innan kvinnehelse og kampen for kvinner sine rettar internasjonalt.

Kampen er aldri over!