Samstundes må vi ikkje lukke auga for at arbeidslivet er i rask endring. Også i Noreg må vi ta inn over oss internasjonale trendar, teknologiutviklinga og folk sine ønskje om ein meir fleksibel kvardag. Lova må vere tilpassa dagens arbeidsliv og gjere det enklast mogleg for dei som i dag står utanfor arbeidsmarknaden å kome seg i jobb. Det er utgangspunktet når Venstre no har blitt samde med dei andre borgarlege partia om ei modernisering av arbeidsmiljølova.
For Venstre har det vore viktig å tilpassa arbeidsmiljølova slik at fleire får moglegheit til å kome inn i arbeidslivet, samstundes som den lokale fleksibiliteten vert styrka. I den nye lova opnar vi for at ein skal kunne tilsetje folk midlertidig i opp til 12 månadar. Det er viktig for å gje fleire ein sjanse til å vise seg fram. Og det er viktig for mange bedrifter, til dømes nystarta småbedrifter i ein vekstfase, å få høve til å ta med fleire på laget. Samstundes kortar vi ned tidsfristen for når du har rett til fast jobb frå fire til tre år. Det vil seie at dersom du over fleire år er tilsatt midlertidig på generelt grunnlag, som vikar eller i prosjektstillingar vil du ha rett til fast jobb raskare enn i dag. Vi gjer det med andre ord enklare å prøve seg i arbeidslivet, men styrkar samstundes retten til fast jobb.
Venstre meiner at lovar og reglar er best når dei er like for alle. I dag er det for stor skilnad på korleis mellombelse tilsetjingar verkar i staten og i resten av arbeidslivet. I somme delar av staten er talet på mellombels tilsette alt for høgt – innan universitets- og høgskulesektoren er det til dømes heile 19 prosent. Det skuldast både statens arbeidsgjevarpraksis, og det skuldast tenestemannslova. Venstre har fått gjennomslag for at regjeringa no skal ta tak i dette problemet, og kome til Stortinget med endringar som gjer det enklare å få fast jobb også når du jobbar i staten. Vi ber også om at oppseiingsvernet vert styrka for statleg tilsatte, på lik linje med måten vi no styrkar det i arbeidsmiljølova, og hevar aldersgrensa for oppseiing til 72 år.
Det er også viktig for Venstre at lova legg rammar for arbeidstid som folk oppfattar som rimelege og balanserte. Med den nye lova vert det enklare å gjennomsnittsutrekne arbeidstid. Det vil seie at ingen må jobbe meir enn i dag samla sett, men det vert enklare å jobbe meir i periodar for å ta meir fri i andre. Det er viktig for arbeidstakarar som er i ulike livssituasjonar, til dømes dei som pendlar langt til jobb eller som har delt omsorg for born. Det er også viktig for arbeidsgjevarar innan reiselivsnæringa og andre sesong- eller konkjunkturavhengige næringar. Det blir også enklare å gå til Arbeidstilsynet og få godkjenning for alternative turnusordningar, der det er lokal semje på arbeidsplassen om dette.
I den nye avtalen er dei borgarlege partia også samde om at vi skal styrke varslarvernet. Sjølv om norsk arbeidsliv stort sett er velorganisert og ryddig, får vi stadig melding om folk som opplever både uheldige praksisar og lovbrot på sin arbeidsplass. Terskelen for å varsle om slikt kan diverre vere alt for høg. No styrkar vi Arbeidstilsynet si rolle i å spreie informasjon og følgje opp varslarar, og vi sikrar at alle større verksemder må ha på plass gode varslingsrutinar.
Venstre vil sikra eit arbeidsliv som har plass til fleire enn i dag. Både fordi Noreg treng det, og fordi det er bra for kvar einskild. Målet har vore ei arbeidsmiljølov som sikrar vekst og verdiskapning i framtida. Det meiner vi avtala vi har inngått med Høgre, Frp og KrF sikrar på ein god måte.
- Sveinung Rotevatn (V), stortingsrepresentant