Brannvesenet sin desentraliserte struktur og høge beredskap gjer at dei i mange tilfelle er første naudetat på åstaden. Difor skal folk i distrikta vite at me skal ha eit godt, kompetent og moderne brannvesen i heile landet.

No arbeidar eit regjeringsoppnemnt utval med ein heilskapleg gjennomgang av brann og redningsområdet. I tida framover må me gjere ei grundig vurdering av kva ansvar og oppgåver som skal ligge til etaten og korleis dette skal organiserast. Arbeiderpartiet skal ha handa på rattet i dette arbeidet fordi me ønskjer eit brannvesen som møter framtida.

Det lokale brannvesenet består av motivert personell som gjer ein uvurderleg innsats for fellesskapet. Ute i kommunane er store deler av beredskapen tufta på deltidstilsette brannfolk. Dette er personell som også har anna arbeid. Det inneber at det er avgrensa kor mange oppgåver og oppdrag ein kan legge på ein etat som organisert slik.

Og det er heilt avgjerande for beredskapen i distrikta at ordninga med deltidstilsette held fram og at dei har verktøy og kompetansen dei treng for å gjere en god jobb. For mange oppgåver og for høg utrykningsfrekvens kan rokke ved dette prinsippet. Det er avgrensa kor mykje trening, øvingar og utrykkingar ein kan forvente at ein deltidsbrannkonstabel kan sette av tid til. Difor vert det viktig å definere kva som skal vere kjerneoppgåvene til det lokale brannvesen.

Det vert stilt store krav til den kommunale beredskap. Brannvesenet er pålagt eit mangfald av oppgåver og ansvar som stiller store krav til teknisk og ikkje minst operativ kompetanse og praktiske ferdigheiter. Me skal ha eit brann og redningsvesen som kan møte utfordringsbiletet.

I møte med dagens og framtidas utfordringar er det viktig å ta med dei beste elementa i dagens ordningar og samstundes vidareutvikle brann- og redningsarbeidet i heile Noreg. Me må ha eit lokalt brannvesen som er rusta for framtida.