Det er eit stort ansvar som kviler på den enkelte stortingsrepresentant den 18. mars. Nei til EU advarar sterkt mot å stemme ja til regjeringa sitt forslag av følgjande grunnar:

Kva er EUs energibyrå/ACER?

ACER har som oppgåve å vedta, utøve og overvake nasjonale reguleringsstyresmakter og systemoperatørar i alle land som er tilslutta, (i Noreg er dette i dag lagt inn under NVE, Norges vassdrags- og energidirektorat og Statnett). Formålet er å sikre at EUs regelverk for elektrisitets- og gassmarknad vert gjennomført. Dette omfattar elektrisitet, gass og grensekryssande krafthandel. ACER har vedtaksmakt på følgjande område:

• Artikkel 7 gir ACER makt til å gjere vedtak om tekniske spørsmål. Det betyr at byrået bestemmer reglar for flyt av straum gjennom overføringskablane i landområda som er tilslutta ACER.

• Artikkel 8 gir ACER makt til å avgjere saker der det er usemje mellom nasjonale organ og også der byrået sjølv meiner det er manglande tilgang til overføringskablar eller røyrsystem over landegrensene. For Noreg er Overvåkningsorganet ESA tiltenkt den formelle rolla å gjennomføre vedtak i direkte samsvar med forslag fra EU-byrået.

ACER opnar for fri flyt av kraft innad mellom alle land som er tilslutta og byrået kan gripe inn i alle tilfelle der nasjonale tiltak virkar konkurranse-hemmande – dvs. bryt med EØS-reglane om «fri flyt». ACER skal avgjere kva veg straumen skal gå i kablane og overføringskapasiteten mellom landa.

Forsikringar frå regjeringa

Regjeringa opplyser i sitt forslag at norsk innlemming i ACER ikkje medfører overføring av styringsmakt som krev vedtak etter Grunnlova §115 (tidlegare § 93). Denne paragrafen opnar for å overføre styringsmakt til internasjonale organisasjonar der Noreg er medlem dersom det er tre fjerdedels fleirtal for det i Stortinget. Regjeringa seier Grunnlovas §115 ikkje er berørt fordi vedtak frå ACER skal gå via ESA, EFTAs overvakingsorgan, der Noreg allerede er medlem. Regjeringa foreslår også i saka å etablere ei ekstra norsk ordning med namn Reguleringsstyresmakt for energi (RME), som skal vere det norske organet som ESA, EU og ACER skal forhalde seg til. Dette RME skal vere heilt uavhengig av norsk politisk kontroll og skal ikkje kunne instruerast av nasjonale styresmakter, slik NVE og Statnett kan i dag. ACER skal gjere vedtak, sende til ESA som skal gjere same vedtak og sende vidare til det norske RME, som skal gjere same vedtak. På denne måten prøver regjeringa å lage ei ny transportrute for å omgå spørsmål om suverenitetsavståing etter Grunnlova §115.

Framvekst av EU-byrå med overnasjonal makt

Oppretting av organ av typen RME inngår i ei meir generell utvikling innad i EU. I EU vert aukande makt flytta bort frå EU-kommisjonen, som den norske kontakten i dag skal vere retta mot, og over til nyoppretta og overnasjonale EU-tilsyn og EU-byrå.  I desse har Noreg ikkje fullt medlemskap på grunn av Grunnlovas §115 som set hinder, og deltar difor utan røysterett. Nettopp for å omgå Grunnlova og for å oppnå full norsk tilslutting inn under EUs byrå, er det laga ein eigen konstruksjon der vedtak frå EU-byråa kan bli gjort gjeldande for Noreg gjennom EFTAs overvakingsorgan, ESA, fordi der er Noreg medlem. ESA er på serskilte saksfelt bunden til å gjere same vedtak som EU-byråa. I 2016 vart ein slik konstruksjon brukt for å knyte Noreg til EUs finanstilsyn. Det er nettopp denne strategien som no ligg innebygd i det aktuelle forslaget om å få Noreg tilslutta EUs energibyrå gjennom å opprette RME som eit nytt norsk vedtaksorgan, der RME skal stå utafor norske styresmakter men skal vere bunde av vedtak i ESA, som i sin tur er bunde av vedtak i EUs energibyrå. Det kan slik synast muleg å hoppe bukk over Grunnlovas §115 og norsk krav til folkestyre gjennom landets Storting.

Forsikringar frå Ja-sida

Også Ja-til-EU-mannen, Aps Espen Barth Eide, som er saksordførar for saka i Stortinget, prøver å omgå spørsmål om suverenitetsavståing. Hans forslag er å «stille krav» til EUs energiunion. Men motstandarane i Ap som kan saka, peikar på at hans forsøk på internt kompromiss i Ap forledar: Dei viser at hans forslag om krav om fortsatt eigarskap til norsk olje, gass og vasskraft er overflødige fordi ACER-saka ikkje handlar om eigedomsrett, men om sjølvråderett, det vil seie retten til suverent sjølv å bestemme kva den norske krafta skal brukast til. Dei peikar på at norske styresmakter ikkje beheld politisk styring når den blir utøvd via REM etter pålegg fra ESA og ACER.

Olje- og energiminister, Søviknes, seier på si side at Noreg har full nasjonal kontroll over energiressursane sjølv om landet blir medlem i ACER, fordi «ACER vil kun avgjøre i spørsmål der det det er tvister mellom land» (Klassekampen, 26.01.2018), så at vi kan ta det med ro så lenge Noreg er einig med EU. Hans forsikring er oppfatta som forsøk på «alternative fakta» og som rein omskriving av fakta.

Overføring av norsk styringsmakt

For den som ønskjer klar tale, er det avgjerande å lytte til landets fremste juridiske ekspertise, eksempelvis professor i rettsvitskap, Eivind Smith, som advarar mot regjeringas omgåing av Grunnlova §115 i denne saka. Han opplyser at eit organ som det foreslåtte RME er ein ny type juridisk konstruksjon som ikkje tidlegare er kjent i norsk forvalting. Det skal vere heilt uavhengig av politisk styring på eit vis som ikkje gjeld for noko anna uavhengig organ i forvaltinga og har derfor ikkje nokon tydeleg plass i norsk politisk styring.

Likeeins peikar landets fremste juridiske ekspertise på at Ja-mannen Barth Eides forslag til krav for å blidgjere motstandarar i Ap ikkje er muleg å innfri fordi norsk særordning vil kome til å utløyse tilsvarande eller andre krav frå Sverige, Finland, osv. Uforpliktende utsagn frå EU-parlamentarikarar kan formulerast men kan ikkje bli juridisk bindande for dagens eller framtidas EU.

Likeeins seier energiekspert og professor emeritus, Øystein Nordeng, at tilknyting til ACER er ingen god idé. Gjennom ACER kan EU tilta seg styringsmakt over maksimums- og minimumsprisar, produksjonsvolum og andre inngrep. EU har serleg behov for norsk vasskraft, mens Noregs interesse er å kunne handle med heile Europa, inkludert Storbritannia.

I klartekst betyr dette at regjeringas forslag medfører overføring av makt og kontroll bort frå norske styresmakter. Tilslutting til ACER gjennom ESA og RME er eit stig for å skaffe EU kontroll over infrastruktur, kablar og overføring, ikkje ved å eige, men gjennom å kontrollere bruk. ACER vedtar regler og overvakar at straumen flyt etter marknadsomsyn utan nasjonale omsyn. EUs konkurranseregler sler inn og forbyr å forfordele enkeltland.

Noreg er ein av verdas største energinasjonar

I dag er Noreg ein stor energinasjon, og etter Russland den viktigste leverandøren til EU av gass. Elektrisk kraft er den viktigste naturressursen i vårt land - viktigare enn fisk og olje. Elkraft gir grunnlag for lys og varme i husa og billig straum til produksjon og industri. Noreg har den største smelteverk-industrien i Europa og billig statskraft til all annan industri. Den kraftintensive industrien er basert på rein energi med stabilt gunstige kraftprisar. I tillegg er landet med i nordisk straum-marknad med overskot av kraft som gir låge prisar. Nasjonal kontroll over vasskrafta både har vore og er avgjerande for å byggje opp norsk industri, landets velstand og folkestyrd fordeling av velstanden.

Konsekvensen av å slutte seg til EUs energibyrå er alvorleg og tosidig: Først fordi det endrar rammene for norsk kraftintensiv industri som er bygd på stabil energitilførsel i form av stabilt gunstige kraftprisar. I Noreg er det meir enn 15.000 arbeidsplassar med i tillegg rundt rekna fire jobbar relatert til kvar enkelt av desse. Mange er hjørnesteinsbedrifter i mindre byar og tettstader. Verdiskapinga var på 223 milliarder kroner i 2016. I Troms og Finnmark utgjer kraftintensiv industri opptil 600 arbeidsplassar i kvart fylke og i Nordland opptil 2000. I Troms er Ewos i Balsfjord og Finnfjordbotn Smelteverk eksempel på slike nøkkelbedrifter.

Å slutte seg til ACER gir endra konkurransevilkår for denne industrien fordi det medfører overføring av dyrare straum frå EU, som i tillegg er basert på kol og atomkraft. Difor advarar til dømes Fagforbundet «Industri og Energi» (med 60.000 medlemar) mot norsk tilslutting til ACER fordi det fører til høgare straumprisar og avvikling av norsk kraftintensiv industri. I tillegg får tilslutting til ACER konsekvensar for den vanlege forbrukaren med høgare prisar på straum og nettleige regulert av EUs marknadsreglar.

Vilje til folkestyre

I to folkerøystingar har det norske folket sagt nei til norsk medlemskap i EU. Begge gongene var Ap delt og Høgre for. I siste folkerøysting (1994) var bl. a. Krf, Venstre og SP imot, mens FrP også hadde stor motstand blant sine medlemar. Folkerøystingane hadde som viktigste mål å sikre norsk sjølvråderett og folkevald politisk styring over landets naturressursar. Også  denne gongen er det samme utfording for det norske folket og for våre folkevalde representantar: Evnar vi å seie nei til å gi frå oss ein klar rett til å styre over oss sjølv - denne gongen over bruken av vår viktigste naturressurs? Evnar vi å sjå at den politiske konstruksjonen som regjeringa foreslår, innfører udemokratiske spelereglar som tar bort folkevald, politisk kontroll over vår viktigste naturressurs?

Saka gjeld store pengar. Mange kunne ønskje å råde over slike summar heller enn at norske folkevalde skal bestemme. Kva er det ved det norske folkestyret som er bedre for nasjonal og internasjonal solidaritet enn å delta i EUs maktorgan? Dette synest å vere ei gåte for EU- tilhengjarane. Det kan sjå ut som nokre ja-folk ventar og ventar og kjem igjen. Denne gongen tilslørt med «nytale» og «alternative fakta» om fordelene med å slutte Noreg til EUs reglar for energi-omsetting.

Demokrati og folkestyre er ikkje vunne ein gong for alle. Det må vaktast og kjempast for i no-tid. No gjeld det vår tid, våre verdiar og vår plikt til å stå vakt - denne gongen over råderetten over energiomsettinga, som er avgjerande for landets velstand og industri og for den folkestyrde fordelinga som serpregar vårt land. Det er å håpe at stortingsrepresentantar frå alle parti vaktar landets folkestyre den 18. mars.