Navarsete har fått svar om fly

– Orion tilbake på 2013-nivå

– Falcon og F-16 flyr mer, mens Orion flyr mindre, svarer forsvarsminister FrankBakke-Jensen på spørsmålet fra Liv Signe Navarsete om hvem det er som flyr mer i nordområdene.

SVAR: Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen har nå svart på spørsmålet fra Senterpartiets Liv Signe Navarsete om hvem det er som flyr mer i nordområdene.  Foto: Jørn Aune

Andøy

I et intervju med TV2 22. januar, sa Bakke-Jensen at det norske forsvaret seiler mer, flyr mer og er mer aktive med landstyrkene i nordområdene.


Navarsete med spørsmål til forsvarsministeren:

Bakke-Jensen må svare om flytid i nord

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen må nå redegjøre i Stortinget om en påstand om at Forsvaret nå flyr mer i nordområdene.


Det fikk Navarsete til å spørre statsråden om hvem det er som flyr mer i nordområdene – om det er norske eller allierte fly.

– Stortingsrepresentanten syner til eit intervju eg gav til TV 2 tysdag 22. januar 2019, der eg sa at vi flyg meir i nord. Eg synte først og fremst til norske kapasitetar, svarer Bakke-Jensen.

Gamle Orion-fly

Statsråden innrømmer at Orion-flyene på Andøya nå flyr mindre enn enn de har gjort tidligere.

– Tal frå Forsvaret syner at aktiviteten med maritime patruljefly steig frå 2013 til 2016, men på grunn av blant anna aldrande materiell er det no redusert til om lag same nivået som i 2013, svarer Bakke-Jensen.

Han skriver videre at dette er kompensert gjennom mer flytid i nord fra Forsvarets Da-20 Jet Falcon og fra Forsvarets kampfly F-16.

– DA-20 har til dels avhjelpt situasjonen med auka nærvær i nordområda. Russisk aktivitet i våre nærområde har ført til at talet på identifiseringar med F-16 har auka frå 2013 til 2018, svarer Bakke Jensen.

Her er spørsmålet fra Navarsete og hele svaret fra Bakke-Jensen:

Spørsmål Liv Signe Navarsete (Sp): Kva kapasitetar flyg meir i nordområda, og er det norske eller allierte fly statsråden viser til?

Begrunnelse Statsården sa i eit intervju til Tv2 tysdag 22.01.19 at me flyg meir i nord.

Svar Frank Bakke-Jensen: Eg syner til brev frå Stortingets president av 30. januar 2019, med spørsmål til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete om kva kapasitetar som flyg meir i nordområda, og om det er norske eller allierte fly.

Stortingsrepresentanten syner til eit intervju eg gav til TV 2 tysdag 22. januar 2019, der eg sa at vi flyg meir i nord. Eg synte først og fremst til norske kapasitetar.

I intervjuet synte eg til at vi no seilar meir, flyg meir og er meir aktive med landstyrkane enn da denne regjeringa tiltredde i 2013. Eg synte til at eg er samd med forsvarssjefen i vurderinga av den endra tryggleikssituasjonen i nordområda og at vi har volummessige utfordingar i strukturen. Samstundes peikte eg på at endringane i tryggleikssituasjonen kom fortare enn vi hadde trudd når vi mellom 2013 og 2015 starta arbeidet med grunnlaget for inneverande langtidsplan. Eg synte også til at vi vil ta med oss forsvarssjefens vurderingar om endringa i tryggleikssituasjonen og dei volummessige utfordringane i strukturen inn i arbeidet med neste langtidsplan. I denne samanheng er også alliert aktivitet, som til dømes under øving Trident Juncture i 2018, av stor operativ og tyggingspolitisk verdi for Noreg.

Langtidsplanen til regjeringa for perioden 2017–2020 medfører eit historisk løft for å bygge opp att forsvarsevna. Vi har henta inn store delar av vedlikehaldsetterslepet og byrjar no gradvis å auke aktiviteten i forsvarsgreinene og styrke nærværet i våre interesseområde. Blant anna har dei maritime patruljeflya høg prioritet, og blei styrka for å auke aktiviteten frå Andøya. Tal frå Forsvaret syner at aktiviteten med maritime patruljefly steig frå 2013 til 2016, men på grunn av blant anna aldrande materiell er det no redusert til om lag same nivået som i 2013. DA-20 har til dels avhjelpt situasjonen med auka nærvær i nordområda. Russisk aktivitet i våre nærområde har ført til at talet på identifiseringar med F-16 har auka frå 2013 til 2018.

I 2016 blei det også gitt ei varig styrking for kontinuerlig nærvær av ubåt i Nord-Noreg. Seglingsaktivitet for ubåt i nord har hatt ei årleg auking etter dette, noe som også gjeld dei andre fartøya i marinen. Regjeringa har også prioritert å auke aktivitetsnivået i landmakta i Nord-Noreg, med satsing på Heimevernsdistrikta i Troms og Finnmark (HV-16 og HV-17). Samstundes har regjeringa tilrettelagt for eit auka aktivitetsnivå i Hæren i tråd med langtidsplanen.

Auka norsk aktivitet skjer samstundes som vi gjennomfører investeringar i strategiske kapasitetar som kampfly, nye maritime patruljefly og ubåtar.