Natur og Ungdom støtter kystopprøret:

– Havet skal ikke privatiseres

Natur og Ungdom støttar kystfiskarane og kystbefolkninga i Nord-Norge i kampen mot avvikling av pliktene. Det skriver Vilde Gjerde Lied Fiskeripolitisk ansvarleg v/sentralstyret i Natur og Ungdom.
Meninger

Løyva trålarane underlagt pliktsystemet har fått, vart gitt på bakgrunn av at verdiane i havet skulle gå folket langs kysten til gode. Dersom ein fjerner desse vil det vere som ei rein privatisering av havressursane våre. Dersom Stortinget vedtek å fjerne pliktene, kan ein ikkje lenger seie at havressursane er forvalta av det norske folk, men i tillegg få aktørar i den norske torsketrålnæringa.


Det må bli slutt på trålarane sitt ran av ressursane langst kysten. Natur og Ungdom krev strengare regulering av pliktene, der dei som ikkje overheld pliktene sine blir fråtatt retten til å fiske. Kvotene må då førast tilbake til kystbefolkninga og unge som ønsker å etablere seg i fiskeriet. 


Mange fiskemottak og lokalsamfunn, spesielt dei som er underlagt aktivitetsplikta, er svært arvhengige av fisken frå trålerane, spesielt i dei periodane kystflåta ikkje har tilgong på fisk. Dette er også viktig for å styrke kystflåta ved å ha ein betalingsviljug industri på land. Trålarane har fått rett til å forvalte fiskeressursane på vegne av fellesskapet. Dersom dei ikkje lengre oppfyller denne samfunnsoppgåva, skal dei heller ikkje ha rett til å hauste av fellesskapet sine ressursar.


Å svekke trålerane sine plikter er å svekke det miljøvenlege fisket. Natur og Ungdom krev ei statsing på kystflåta.


Å satse på kystflåta vil gjere det lettare for unge å etablere seg i næringa. I tillegg er det kystflåta som driv det mest miljøvenlege fiske. Kystflåta bruker mindre CO2 enn havflåta blant anna fordi dei fiskar med passive reiskaper, i tillegg til at dei lever fisken fersk lokalt. Samtidig driv trålarane fiske med aktive reiskaper, fryser fisken om bord og sender den for bearbeiding ut av landet.