Snart kimar det i kyrkjeklokker i heile landet. Det kimar til julefest. I dag har vi ei landsdekkjande folkekyrkje i Noreg. For mange er det ikkje jul utan eit kyrkjebesøk.

Den norske kyrkja er julaftan, pinseaftan, olsok, men også heilt vanlege dagar. Den norske kyrkja er gudstenester, gravferder, bryllaup, dåp, konfirmasjonar og samlingar. Den norske kyrkja er møteplassar, fellesskap, beredskapsarbeid, sorgarbeid, sosialt arbeid for utsette grupper og særleg viktig barne- og ungdomsarbeid. Den norske kyrkja er konsertar, song, musikk, og mange, mange frivillige. Den norske kyrkja er småbarnstreff, eldretreff, flyktningtreff og ungdomstreff.

Kyrkja representerer framleis noko trygt og som gir håp, her vi bur, i ei verd som blir meir og meir uroleg. Det handlar om identitet, kulturarv og fellesskap. Mange er også opptatt av kyrkja som «eit gamalt hus». Ja, for kyrkjene er noko av dei aller nydelegaste kulturhistoriske bygningane vi har. Og dei står gjerne plassert på bygdas finaste tomter. Kan det bli meir vakkert?

Regjeringa har prioritert å finansiere folkekyrkja vår. Noreg skal vere eit livssynsope samfunn, der vi legg til rette for eit naturleg mangfald av trus- og livssynssamfunn. Det skal vere rom for både tru, ulik tru – og ikkje-tru i landet vi bur i. Staten skal aktivt understøtte dei ulike trus- og livssynssamfunna slik at ein både finansierer ei landsdekkande, grunnlovsfesta folkekyrkje, og likebehandlar dei andre trus- og livssynssamfunna. Dette er målet vårt.

Då er det trist å lese opposisjonen på Stortinget sine alternative budsjett for 2024 som kuttar stort i finansieringa av folkekyrkja og dei andre trus- og livssynssamfunna. Høgre vil kutte 174 millionar kroner til Den norske kyrkje, Venstre vil kutte 192 millionar kroner og FrP heile 257 millionar kroner. Dette vil ramme den landsdekkande, grunnlovsfesta folkekyrkja hardt, og bety store kutt i prestestillingar. Eg er mest skuffa over at også Høgre no står bak kutt i hundre-millionars klassen.

I dag har vi prestar over heile landet, gjennom ei landsdekkande presteteneste. Dette kostar. I grunnlova sin paragraf 16 står det: «Den norske kyrkja, ei evangelisk-luthersk kyrkje, står ved lag som den norske folkekyrkja og blir stødd som det av staten». Dermed er det eit spørsmål om kor reduserte tilskota faktisk kan bli, før ein kjem i konflikt med Grunnlovas krav om å understøtte Den norske kyrkja som vår folkekyrkje.

I den tida vi er i, bør vi ikkje å skape usikkerheit om folkekyrkja vår. Folkekyrkja bidreg til å skape himmel på jord, som betyr mykje for mange, og for langt fleire enn dei som sit i  kyrkjebenkane kvar søndag.

Så kjære alle parti. Kan vi bli einige om ein ting? Kan vi no saman gi heilt tydelege signal om at vi meiner noko med Grunnlova sin paragraf 16? Slik at vi også i framtida kan ha ei landsdekkande folkekyrkje i Noreg. I heile Noreg. Fordi vi treng den.

God jul!