Nærbutikken har ei nøkkelrolle når det gjeld å møte dei utfordringane som mange bygdesamfunn står overfor. Dersom bygdefolket, butikken og kommunen samarbeider, vil resultatet bli meir livskraftige bygder.

Framtidas nærbutikk er eit servicesenter det lokalsamfunnet får dekt sine behov for daglegvarer og mange viktige tenester. Post, tipping, apotekvarer, lokal mat, drivstoff og turistformidling er eksempel på tilleggstenester som gir butikken fleire bein å stå på - og gir folk på bygda eit betre tilbod.

Butikken er ein del av infrastrukturen i eit lokalsamfunn, på linje med skule og barnehage. Derfor har Kommunal- og moderniseringsdepartementet eit eige program for utvikling av distriktsbutikkar (Merkur-programmet), med tilbod om rådgjeving, opplæring og støtte til investeringar.

Merkur-programmet har 10 regionale konsulentar som jobbar med kompetanse-program og oppfølging av kjøpmenn og lokalbutikkar. Vi oppmodar kommunen om å søkje kontakt med desse.

Samarbeid med kommunen

Mange kommunar samarbeider aktivt med lokale butikkar, slik at butikken fungerer som kommunens servicekontor. Butikkane formidlar kommunal informasjon, digitalt eller i papir-form. Fleire butikkar har utlån av bøker i samarbeid med folkebiblioteket. Nokre butikkar driv turistinformasjon. Andre driv miljøstasjon for kommunen, med mottak av papir, glas eller hytte-avfall.

Fleire butikkar samarbeider med kommunen om ei skyss-teneste slik at eldre kan kome seg til butikken for å handle og møte andre. Skyss-tenesta blir drive av frivillige eller av lokale drosjar (service-skyss).

Nokre kommunar diskuterer ei utvida rolle for butikken, med formidling av omsorgs-tenester. Mange stader er butikken bygdas viktigaste møteplass, der alle kan møtast. Slike sosiale møtestader er svært viktig for både trivsel og psykisk helse. Derfor formidlar Merkur-programmet tilskot til butikkar som ønskjer å utvide kaffikroken og kanskje etablere eit serveringstilbod.

Dersom eldre og sjuke kan få hjelp til innkjøp, ærend og små oppgåver som dei ikkje maktar sjølve, vil dei kunne bu lenger heime i staden for å flytte på institusjon. Det er gjort utrekningar som tyder på at ein kommune kan spare over 400.000 kr dersom ein delvis pleietrengande kan bu eit år lenger i heimen, i staden for å flytte på sjukeheim.

Fleire kommunar gir årlege driftstilskot til dei minste butikkane, for det samfunnsoppdraget dei utfører. Utan butikk ville resultatet kunne bli fråflytting og dårlegare tenester for dei som bur i bygda. Nokre kommunar har detaljerte samarbeidsavtalar der butikkane får betaling for konkrete tenester som dei utfører for kommunen. Det kan til dømes gjelde vare-bringing, tilsyn med eldre, turistinformasjon, bibliotek og hjelp til å betale rekningar.

Lokal handel og lokal utvikling

Kommunen kan også støtte opp om dei lokale butikkane ved å handle lokalt. Mange kommunar er bundne opp av innkjøpsavtalar som forpliktar dei til bruk av større leverandørar. Men kommunane har likevel rom for å handle lokalt på nærbutikken, når det gjeld «bagatellmessige innkjøp». Lokal handel er god kommune-økonomi, fordi det styrkjer det lokale næringslivet og skaper lokale arbeidsplassar.

Bygdebutikken er ein viktig utviklingsaktør. Fleire stader er butikken utgangspunkt for oppretting av nye arbeidsplassar, til dømes innanfor reiseliv eller lokalmat. Butikken er bygda sitt vertskap for turistar og andre besøkande. Kommunen har mykje å tene på å samarbeide med butikken og bygda for å få til lokal vekst og utvikling.

Det er ikkje noko kommunal oppgåve å drive butikk. Men nærbutikken bør likevel få ei rolle i den kommunale planlegginga fordi det er ein så viktig institusjon i lokalsamfunnet.

Merkur-programmet meiner at butikk-utvikling er god og effektiv måte å drive bygdeutvikling på. Vi er avhengig av eit godt godt samarbeid med kommunane for å få dette til.

La oss jobbe sammen for å få livskraftige bygdesamfunn!