I lokalhistorisk samanheng må Godfjorden sjå seg svært fornøydd med at området blei overført til Sortland i 2000. Nå har nemlig heile Godfjorden, frå Kinn til og med Røkenes (gnr 61-29) fått si eiga gårds- og slektshistorie på trykk. Samtidig blir også gårdane frå Gåsbøl til og med Osvoll (gårdsnummer 22-33 og 1 og 2) presentert når Sortland kommune nå kan legge fram si fjerde av i alt fem planlagte gårds- og slektshistoriske bøker. Det har blitt eit ruvande verk på heile 768 sider. Det er blitt eit oversiktlig bokverk skrive på ein framifrå måte av Johan Borgos. Boka er illustrert med kart, tabellar, teikningar og eit rikt bildemateriale, og dette gjør det til eit leseverdig verk.

Namnetolkingar

Borgos innleier kvar gård med ei kort namnetolking. Her får vi kort referert skrivemåten av namnet, og forslag til tolkingar. Desse bygger i stor grad på Oluf Ryghs tolkingar i ”Norske Gaardnavne” frå 1911, men i noen tilfelle får vi også forslag til alternative tolkingar. Det er ikkje tatt med kva som er den lokale uttalen av gårdsnamnet, sjølv om den nedarva lokale uttalen av gårdsnamnet ofte fortel vel så mykje som gamle skriftformer. Men det er fint at alle gamle skriftformer av gårdsnamna er utelate, for ofte er gamle gårdsnamn meir forvirrande enn forklarande.

Kart

Kvar gård blir innleidd med eit oversynskart, og så følgjer det eit detaljkart over gårdsbusettinga. Kartgrunnlaget ser ut til å vere M711-karta i målestokk 1:50000. Stort sett er dei fleste namna frå desse karta overført til eigne handteikna kart. Det er også sett inn noen få ekstra namn, særlig rundt gårdsbusettinga. Sjølv om karta blir litt samantrengte for dei gårdane som strekker seg over eit lengre område, gjer dette at vi får eit godt oversyn over gårdsvaldet.

Borgos utnyttar til dels også dette tilleggsmaterialet av namn som ligg i karta, særlig gjeld dette for å lokalisere samisk busetting. Men her ligg det eit stort ubrukt potensiale for å få fram meir om gårdsbusetting og utnytting av ressursar.

Det er også sett inn detaljkart for alle gårdane. Desse karta er i hovudsak knytt til utskiftingskarta som blei tatt opp dei siste tiåra på 1800-talet. Her får vi oversyn over bygningar som var før utskiftinga, fellestun, gårdshaugar og nausttufter. Vi får også oversyn over dei nye bruksgrensene som blei gått opp ved utskiftingane. Slik sett viser karta både gammal og ny struktur like før 1900. Det er også mulig å bruke karta til å plassere nye bruk som er skilt ut frå hovudbruka etter utskiftingane, sjølv om det ikkje alltid er like lett å plassere dei heilt eksakt på kartet.

Ressursar frå jorda

Borgos har eit kort oversyn over ressursane som er knytt til kvar enkelt gård. Her er det jorda og sjøen som er det sentrale. Med utgangspunkt i matrikkelrevisjonen av 1723, jordavgifta i 1802, folketeljingane i 1835, 1865 og 1875 teiknar Borgos eit bilde av kva for ressursar dei ulike gårdane hadde til rådvelde. Vi får opplysningar om åkerjord, beitejord, skog og litt om torvemyrer. Vi ser f.eks. at gården Liland på austsida av Sortlandssundet var ein god korngård der ein kunne så nesten 2 tønner og få ei avling på 5 tønner korn. Her var det nok skog og brensel, men det mangla kvern og seter. Åkerjorda og beitene var gode. Går vi til nabogården Hognfjorden, ser vi at det nesten ikkje blei sådd og hausta korn her, men at det var større fehald enn på Liland. I tillegg hadde Hognfjorden også eiga mølle i Gårdselva, og det var ei god lakselv som rann ut i Eidbukta. Slik ser vi at alle tilgjengelige ressursar blir utnytta.

Andre tilleggsressursar på gårdane kunne vere at dei var eggvær (Roksøya, Reinsnesøya, Kinnholmen) eller at dei hadde god flyndrebotn (Stamnes, Strand). Moltemyrer blir òg trekt fram (Myrland), og reindrifta var ein ressurs fleire stader (Hognfjorden, Kvalsaukan, Godfjordbotnen). Vi finn dessutan borgarar som dreiv kremmarleie i eldre tider (Bremnes) og ein som starta gartneri i nyare tid (Hognfjorden). Borgos nemner alle desse næringstilpassingane enten innleiingsvis under gårdane eller undervegs når han presenterer dei ulike gårdsbruka.

Gårdshistoria stoppar på mange vis rundt 1950. Dette gjer at tilbakegangen i antal bruk frå 1960-talet og opp mot nåtida ikkje blir forklart presist nok. Her kunne ein godt ha trekt ei samanlikning mellom f.eks. 1950 og 2000 for å sjå kor mange aktive bruk det er, gjerne også målt i antal kyr (mjølkemengde), sauar, grisar, høns o.l. Overgangen frå gårdsbruk til bustadområde blir heller ikkje dekt, f.eks. utviklinga på Strand. Alt dette er imidlertid fenomen som kan og bør dekkast i ei generell bygdehistorie som tar for seg 1900-talet og tida fram mot i dag.

Sjøen som ressurs

Sjøen som ressurs har også vore viktig for busettinga. I nordlandsbåten si tid var det lett å lande båtane i fjæra, men avstanden til fiskefelta kunne variere. Frå gårdane langs Sortlandssundet drog ein helst til Øksnes og Langenes på vinterfiske, men fleire gårdar hadde også gode forhold for heimefiske. I Godfjorden var forholda noko annleis. Her var både Kinn, Mehus og Røkenes gamle fiskevær som ein rodde utifrå på den fiskerike Andfjorden. Trass i dårlige hamneforhold blei gårdar som Myrland og Reinstad leiande fiskerigårdar utover på 1900-talet. Kjente notkompani blei og oppretta, Roksøybruket og Mehus Notkompani var mellom dei. Vi fikk også sjøretta aktivitetar på Maurnes og i Lilandbukta. Mange stader blei det også investert i større motorbåtar utover 1800-talet. Slik kan vi sjå at sjøen var eit viktig bein å stå på heilt fram til etterkrigstida, for noen stader heilt opp til i dag.

Bruk og folk frå 1567 til 1950-talet

Størst plass i kvar gård si historie, får historia om folk og bruk. Stort sett startar Borgos med leidangskattelistene frå 1567 og følgjer så utviklinga fram mot i dag. Innleiingsvis har forfattaren med noen ord om mulige spor frå steinalder, jernalder og mellomalder, men desse blir naturlig nok svært fragmentarisk og ufullstendige. Dei som er interesserte, kan imidlertid finne meir ut i den generelle bygdesoga, Sortlands historie, bind 1 (Helge Guttormsen 1990).

Den første delen av ”Historia om folket på gården” handlar om tida fram mot 1700. Her får vi oversikt over kven som bygsla jorda, på alle gårdane i dette bindet var folk leiglendingar under kongen fram til 1800-talet, noen husmenn får vi også vete om. Den andre fasen er frå rundt 1700 og litt utpå 1800-talet. Her har Borgos valt å følgje løpenummer-systemet som blei etablert. Og så kjem den tredje fasen frå 1800-talet til i dag der vi følgjer bruksnummera. Borgos har utarbeidd oversiktlige tabellar som viser korleis gårdane har blitt delt opp i ulike gårdsbruk, med namn på brukarane.

Borgos brukar eit rikt kjeldemateriale, og særlig frå slutten av 1700-talet og utover 1800- og 1900-talet trår personane klarare fram for oss. Her får vi vete både om giftemål, barn og død, og vi får også innsyn i gårdsdrifta.

Korte og lengre flyttingar

Eit problem med gårdsbaserte oversyn er ofte at personar blir plassert berre på den gården dei etterkvart overtok, mens dei i røynda kanskje hadde fleire utkome og bustader gjennom livet. Dette greier Borgos imidlertid å få fram ved at vi følgjer personar frå og til ulike stader. Slik kan vi sjå kva for fellesskap det var mellom bygdene. Her ausar Borgos av sine regionhistoriske kunnskapar og fortel korleis folk har flytta mellom gårdar ikkje berre i Sortland men også andre stader i Vesterålen.

Her er også større migrasjonar. Jekteleia i Roksøya og på Liland og kremmarleiet på Bremnes var innfallsportar for innflyttarar. Men den største fjerntilflyttinga kom rundt 1850. Særlig frå Toten, men også frå Trøndelag og Sogn, kom det mange som slo seg ned på stader som Sørfjorden, Hognfjorden og Osvolldalen. Vi kan også følgje personar som drog til Amerika, noen kom tilbake, og noen heimkomne snudde for å dra til Amerika for godt. Men før dei drog blei det tatt amerikabilde.

Synlig samisk etnisitet

Det samiske perspektivet kjem tydelig fram i denne gårds- og slektshistoria. Vi får høre om sentrale samiske busettingar i Gåsfjorden, Roksøyfjorden, Sørfjorden, Hognfjorden, Kvalsuakan, Osvolldalen, Kinn og Godfjordbotnen og andre stader. Stort sett trer det samiske fram tydelig i kjeldene frå 1600- og 1700-talet. Borgos følgjer ein del samiske familiar ut av området, men i det store og heile må vi seie at dei fleste glir ut av historia på ein uklar måte. Gåsfjorden blir lagt øde rundt 1806. Dei samiske familiane i Roksøyfjorden flyttar. Norske innflyttarar overtar Sørfjorden frå 1820-talet. Osvolldalen blir norsk, samane på Kinn flyttar til Andøya. Det mest markerte nye trekket er den samiske innvandringa av tamreinfamiliar som Sarri, Svonni og Inga til Kvalsaukan rundt 1880, og som framleis driv med tamrein med utgangspunkt her.

Rikt bildemateriale og gode teikningar

Gårdshistoria er illustrert med eit rikt bildemateriale. Her kan vi finne igjen personar frå dei ulike gårdane, og vi får gjennom fotografia også eit bilde av livet på gården. Her er både bryllaup og gravferder, slektsbesøk og stemner, søndagsskolar og utflukter. Og i dei tilfella der det ikkje finst bilde, har Atle Paulsen laga gode illustrasjonar, f.eks. frå 1647 då heile Myrland-gården brann ned, og av Kasper Jordan Isaksen som spelte for Roksøyfolket i 1850-åra.

Slektstabellar

For kvar gård finst det fyldige slektstabellar. Desse er ordna etter kva år dei ulike para gifta seg. F.eks. er Jakob Jakobsen og Aletta Grøn N. Lockert ført opp som ”Par 1855” under Reinsnes, sia dei gifta seg i 1855. Her finn vi oversyn over alle barn, og også opplysningar om kvar dei har blitt av og kven dei har gifta seg med. Ekteskap inngått fram til 1950 er med, og i dei fleste tilfella er også barn nokså langt opp imot nåtida tatt med. Slektstabellane verkar ved første augekast svært oversiktlige, men koplinga frå slektstabell til gårdsnummer er vanskelig, den andre vegen er det enklare.

I innleiinga gjer Borgos greie for skrivemåten av personnamn. Her har forfattaren valt å normalisere skrivemåten for dei som er født før 1850. Namneloven av 1923 slo også fast at alle i same familie skulle ha same etternamn. Forfattaren har altså valt å oversjå både at folk kunne ha heilt lokale namn, og at dei kunne ha fleire namn alt etter om dei brukte det gamle systemet med farsnamn som etternamn eller det nye (etter 1923) med eit fast etternamn. Ei slik forenkling gjør det lettare å finne fram i slektsregisteret, men samtidig går litt av namnemangfaldet tapt.

Leseverdig bok

Johan I. Borgos forklarar historiske fenomen på ein enkel og grei måte. Teksten er ikkje dynga ned av detaljar og kjeldetilvisingar. Borgos greier også å lose lesaren gjennom eit konglomerat av kryssande namn. Folk blir ført inn på ein gård, og dei blir ført ut av ein gård, alt med tilvisingar til kor dei antakelig kom frå og drog til. Slik kan vi følgje korleis forfedrane i dette området også kryssa både gårdsgrenser og soknegrenser, og vi kan følgje fleire over ein lengre tidsperiode.

Forfattaren fører ei sikker penn og eit godt språk. Det er korte setningar med enkel setningsbygnad, og det er eit talemålsnært bokmål som blir brukt i bokverket. Dette gjør det enkelt for ein vanlig lesar å tileigne seg dette verket. Overskrifter undervegs gjør det også lett å finne fram i denne boka. Og bildematerialet gjør dette til ei svært trivelig bok å bla i.