Jo, elektrifisering av Melkøya kuttar utslepp

Ein vanleg påstand er at elektrifisering berre er grønnvasking, og at utsleppa dukkar opp andre plassar i verda. Stemmer det verkeleg?

Det korte svaret er nei. Elektrifisering av Melkøya kuttar utslepp.

Melkøya er eit gigantisk utslepp. Faktisk er det Noregs tredje største punktutslepp. No skal regjeringa elektrifisera Melkøya, som vil kutta utsleppa med 850 000 tonn.

Til samanlikning slepper du ut 0,424 tonn Co2 når du som enkeltperson flyg Oslo til New York. Faktisk må du flyga til New York to millionar gonger for å sleppa ut like mykje som elektrifisering av Melkøya kuttar i utslepp. Det er dimensjonane på dette.

Men dukkar ikkje berre desse utsleppa opp andre plassar i verda, når me kuttar dei her? Jo, nokon gjer det. Men dei aller fleste gjer ikkje det!

Thema har rekna seg fram til at mellom 59 % og 75 % er reelle utsleppskutt, altså utslepp som ikkje dukkar opp andre plassar i verda. SSB har rekna på elektrifisering generelt, og kjem òg fram til at det kuttar utslepp. Det kuttar utslepp direkte, gjennom at kol og LNG-gass blir utkonkurrert.

Men det kuttar òg utslepp indirekte, på grunn av korleis kvotesystemet er sett opp. Forureining er nemleg i utgangspunktet ulovleg. Gjennom utdeling av kvotar, blir det lovleg å forureina, likevel.

Kva skjer då med desse løyva til å forureina, når Equinor kuttar utsleppa sine? Jo, det aukar sjansen for at dei blir sletta og forsvinn ut av systemet. EU sletta sist kvotar for nokre få månader sidan. Jo meir kvar enkeltaktør kuttar utsleppa sine, jo fleire kvotar blir sletta.

Når kvotar forsvinn ut av systemet, blir denne forureininga forbode. Utsleppa dukkar ikkje opp andre stader i verda, rett og slett fordi systemet er sett opp for å hindra at dette skjer.

Kvotesystemet vart for nokre år sidan endra, nettopp fordi ein såg at land nølte med å kutta sine eigne utslepp, fordi dei var redde for at dei skulle dukka opp andre stader. Det treng me ikkje frykta lenger.

Det er ingen tvil. Elektrifisering av Melkøya kuttar utslepp. Det kuttar store utslepp. Og det skaper samtidig arbeidsplassar i heile Nord-Noreg.

Det er å kutta utslepp og skapa jobbar i praksis.