Nylig kom meldinga om at Maren Lundby har valt å gi seg i hoppbakken.  Ho vil for alltid stå som ei uredd føregangskvinne, og representant for norsk idrett, som til dei grader har gjort Noreg stolt. Ho kjempa likestillingskampen, då ho nekta å godta avslaget på å vera prøvehoppar i Vikersund.  Og, ho var den første som vann gull i stor bakke for kvinner under VM i Oberstdorf i 2021. For ei dame.

Rundt om i landet vårt finst det mange barn og unge som kan tenkje seg å bli den nye Maren Lundby, eller som berre vil vere ein del av det fellesskapet idretten og frivilligheita tilbyr.  Vi veit kva det betyr for kvart og eit barn å høyre til eit slikt miljø, me veit kva det betyr for kvar enkelt og eit lokalsamfunn. Det at ein kan delta som aktiv, som frivillig, som trenar, men og som tilskodar i eit fellesskap.

Alt for mange opplev no ein familieøkonomi som ikkje strekk til for aktivitetar.  Til det har me tre svar. Vi har vedtatt eit omfordelande budsjett, der dei som har mest også bidreg mest. Vi styrkar organisasjonane sine eigne moglegheiter til å inkludere fleire. Ei særskild ordning med vel 200 mill. kroner, der idrettskrinsane bidreg til å dekke kostnadane, til dei klubbane som har utfordringar med mange som ikkje kan betale.

Full momskompensasjon med ei styrking på om lag 690 mill. kroner, og utvikling av ein eigen handlingsplan mot idrettsfattigdom høyrer også med i satsinga.

Dei fleste frivillige tek seg nok ein velfortent juleferie.  Men mange stader samlar frivillige  folk også i jula.  Folk som anten treng eit fellesskap saman med andre, eller som ikkje av ulike grunnar har råd til den feiringa det store fleirtalet har.

I Noreg har vi  tradisjon for at mange deltek og bidreg i frivilligheita. Som fellesskap må vi bidra til å leggja til rette for at me også i framtida skal ha frivilligheita som eit viktig kjenneteikn ved samfunnet vårt.

I ei tid der mykje blir dyrare og usikkerheita større betyr det noko at Arbeiderpartiet styrer. Ekstraordinært i år, har vi løyvd 225 millionar kroner til idretten for at dei gjennom idrettskrinsane kan halde terskelen for å delta låg.  Dette året har dreidd seg mykje om å leggja til rette, slik at barn og unge skal vite at kvar og ein er viktige i samfunnet, og at dei blir gitt trua på framtida.