Tre elevar begynner i første klasse ved Innlandet skole frå hausten. Tenk så flott for desse elevane å få komme i ei gruppe med barn på 7, 8 og 9 år, som dei kan leike med og lære av. Det har mange fordelar å vere få i første klasse. Desse elevane er heldiggrisar!

Det er skilnad på eit årskull og klasse. Ein klasse kan bestå av fleire årskull. Skolestartarane på Innlandet vil komme i ein klasse med 8 elevar frå 1. til 4. årskull. Når førsteklassingane kjem til skolen, har dei kanskje gått i barnehage på Innlandet, og elevane kjenner både lokala på skolen, dei eldre barna og lærarane. Elevane kjem såleis til ein trygg og kjend stad.

Dei nye elevane skal lære mykje dei første vekene, både fagleg og sosialt. Å bli kjend i klasserommet og med skolen sine rutinar går fort, fordi dei eldre elevane kan hjelpe med det.

Som lærar og rektor i fådelt skole har vi vore med på å sjå korleis førsteklassingane blir helsa velkommen med stoltheit og glede av andreklassingane dei skal gå saman med, år etter år. Andreklassingane er blitt store og ansvarlege, dei kjenner klasserommet, og dei kjenner rutinane og rammene. No skal dei få vise det til dei nye og hjelpe dei å bli fortrulege med skolekvardagen. Veldig ofte er det mykje meir læring i å ha en dreven medelev til å hjelpe deg til rette i læringssituasjonen, enn ein vaksen.

Professor Rune Kvalsund ved Høgskolen i Volda har forska på kva storleiken på skulane har å seie, både for læring og for sosial utvikling hos elevane. Han tok doktorgraden sin på eit arbeid om uformell læring, der han samanliknar fådelte og fulldelte bygdeskular, og arbeider no i lag med forskarar som samanliknar erfaringar med nærmiljøskular i dei nordiske landa og i Wales, Skottland og England.

I sine undersøkingar om relasjonane mellom elevane har Kvalsund funne vesentlege skilnader i ungane sin leik på små og store skular, og noko av det han har merka seg, er at elevane på dei små skulane i langt større grad lærer å samhandle på tvers av både kjønns- og aldersgrenser. Doktorgradsavhandlinga hans viser at born som går på små skular med aldersblanding får ein annan type sosial kompetanse enn born frå store skular. På dei små skulane går handlingane føre seg i større grupper enn på store, og barna samarbeider med andre elevar som er ulike både i alder og ferdigheit.

Det krev god planlegging for at alle i ein klasse med fleire årskull skal få den undervisninga dei har krav på. I nokre fag må læraren dele gruppa slik at dei yngste får systematisk og konsentrert byrjaropplæring, medan andre jobbar sjølvstendig med det dei skal lære. Og det er heller ikkje til ulempe for elevane, tvert imot lærer dei meir.

Forskarane Marte Rønning og Edwin Leuven har samanlikna prestasjonane til elevar i vanlege klassar med prestasjonane til elevar i aldersblanda klassar når elevane går ut av ungdomsskolen. Dei har funne at elevar som har gått i ein aldersblanda klasse, presterer litt betre enn dei som har gått i ein vanleg, alders delt, klasse. «– Vår teori er at de yngste elevene plukker opp kunnskap fra de eldre og mer kunnskapsrike elevene, og derfor lærer de mer,» seier Leuven.

I boka: «Tidlig innsats – bedre læring for alle» drøftar Halvor Bjørnsrud «tilhørighet og læring med meining». Han seier at forskinga viser at elevane lærer meir dersom lærestoffet er knytt til deira eige lokalsamfunn og deira eigen kvardag. Det er grunn til å tru at ein elev som opplever lærestoff frå eige nærmiljø, blir meir interessert i å delta aktivt i undervisninga.

Ingen forskar har påvist noko nedre elevtals-grense for kvalitet. Professor Rune Kvalsund, Høgskolen i Volda, som veit mest om dette i Noreg, seier at den best fungerande skolen han har sett, hadde 11 elevar.

Vi vil derfor seie «heldiggris» om elevane på Innlandet som er få i første klasse. Dei kjem til ein kjend og trygg stad og får ein mjuk skolestart. Elevane får leikekameratar av begge kjønn. Dei plukkar fort opp reglar for leiker gjennom samvær med eldre. Og for utvikling av sosial og fagleg kompetanse er det ingen grunn til uro. Det har forskinga dokumentert.