Stortingsrepresentant frå Arbeiderpartiet, Terje Sørvik, kjem i ein kronikk om ei rekkje usanningar mot Høgre sitt alternative statsbudsjett.

For medan Arbeiderpartiet er opptatt med å reversere tek Høgre Noreg framover. Høgre prioriterar at folk skal få betre råd, at Noreg skal ha meir å leve av i framtida i tillegg til auka tryggleik og beredskap.

I ei usikker tid der folk har fått dårlegare råd vil Høgre at folk skal sitte att med meir pengar i eiga lommebok, og at fleire skal kome i jobb. Ein vanleg familie med to små barn vil med vårt forslag få om lag 5000 kroner meir i skattelette og 11 500 kroner meir i barnetrygd. Dette er målretta tiltak som vil gjere det litt enklare å få endane til å møtast.

I ei ustabil tid må styresmaktene bidra med stabilitet. Regjeringa har gjort og gjer det motsette. Det generelle skattetrykket har auka med titals milliardar. Og over natta har dei innført nye milliardskattar for næringslivet. Når dei i tillegg brukar hundrevis av millionar på å lage nye fylker og kommunar og opnar nye politikontor som politiet ikkje vil ha vitnar det om at dei ikkje evnar å prioritere det viktigaste.

Spør havbrukskommunen Austevoll om dei heller ville at bedriftene skulle beholdt ein del av det som no blir trekt inn til Oslo og finansdepartementet i næringslivet for å skape arbeidsplassar og attraktivitet. Eller Kvinnherad om dei heller vil ha kraftpengar som no går til Oslo framfor å bli verande i kommunen.

Vi har ei rekkje med krevjande saker som må løyast dei neste åra. Då kan ikkje vi berre gå rundt å vente på at problema går over av seg sjølv. Vi må faktisk ta ansvar for å skape ei betre framtid.

Det er på tide med ei ny regjering!

Liv Kari Eskeland, Stortingsrepresentant (H)